Søknad til SAP100 – Språkstudentar i arbeidspraksis

Søknad til SAP100 – Språkstudentar i arbeidspraksis

Studentar som vil ta SAP100 må søke om plass på emnet. Emnet har avgrensa plassar, knytt til talet på praksisplassar.

Søknadsfristar:
1. mai for påfølgjande haustsemester/1. november for påfølgjande vårsemester

Tilgjengelege praksisplassar blir offentleggjorde 1. april/1. oktober.

Studentar som skaffer eigen praksisplass, må sende avtale/kontrakt frå arbeidsplassen til studierettleiar@if.uib.no innan søknadsfristen for opptak til emnet 1. mai for haustsemesteret og 1. november for vårsemesteret. Emneansvarleg skal kvalitetssikre og godkjenne alle praksisplassar før ein eventuelt kan få plass på emnet.

Krav til forkunnskapar: minimum 60 studiepoeng i det aktuelle framandspråket.

Dersom det er fleire kvalifiserte søkjarar som vil ta emnet enn det er ledige plassar, vil søkjarane bli prioritert slik:

1. Studentar med studierett på bachelorprogram i aktuelt språkfag ved UiB, med minimum 60 studiepoeng i det aktuelle framandspråket, prioriterte på bakgrunn av karaktersnitt og motivasjonsbrev. Ein må ha minst C i snitt på språkemna for å kvalifisere for opptak.

2. Andre studentar med studierett ved UiB, prioriterte etter karaktersnitt med minimum 60 studiepoeng i det aktuelle framandspråket. Ein må ha minst C i snitt på språkemna for å kvalifisere for opptak.

For meir informasjon, sjå emneomtale for SAP100: http://www.uib.no/emne/SAP100

Merk at praksisplassane kan ha eigne, interne søknadsprosessar i tillegg til denne søknaden til emnet SAP100 (intervju, referansesjekk o.l.). Dette gjeld til dømes for deg som vil søkje internship ved eit av Innovasjon Norge sine kontorer, eller ved University of Lincoln.