1. Rettleiing:
• Ved innlevering av karakterutskrift eller vitnemål i original, vil du få vedlegga i retur saman med godkjenningsbrevet.
• Dersom du har tatt andre emne enn dei du fekk førehandsgodkjent, må du legge ved emneskildringar for dei nye emna du har tatt.
• Dersom du har reist ut på eiga hand (freemover) utan førehandsgodkjenning frå HF må du også laste opp ei skildring av studiepoengsystemet ved det aktuelle universitetet.
• Dersom du har meir informasjon som er relevant for søknaden, kan du laste dette opp som vedlegg eller bruke merknadsfeltet.
• Har du fleire spørsmål til utfyllinga av skjemaet eller om godkjenninga generelt, kan du kontakte studierettleiaren for studieprogrammet ditt eller Infosenteret ved HF, Sydnesplass 9, tlf 55 58 93 70 e-post: studieveileder@hf.uib.no