Dette skjemaet skal kun brukast av studenter ved Fakultet for kunst, musikk og design, Universitetet i Bergen. Dersom du har søkt om og fått plass på utveksling for å ta delstudium i utlandet gjennom studieprogrammet ditt ved UiB, må du søkje om førehandsgodkjenning av emna som du planlegg å ta. Dette er naudsynt for at du skal kunne få utvekslinga godkjent som del av studia dine ved UiB, og for at du skal kunne søkje om støtte fra Lånekassa. NB: Husk å søkje om godkjenning av ekstern utdanning når du er ferdig med utvekslinga (bruk eige skjema). Søknaden om førehandsgodkjenning av utveksling skal sendast i god tid før utreise. Ver merksam på at du ikkje kan søkje om støtte frå Lånekassa før du har fått vedtaket om førehandsgodkjenning.