Søknad om permisjon med grunngjeving - Nynorsk

Søknad om permisjon med grunngjeving - Nynorsk

Du kan søkje om permisjon frå eit studieprogram av viktige velferdsgrunnar, på grunn av fødsel, dersom du skal avtene verneplikt, eller dersom du har sentrale verv innan studentpolitikk. Grunnlaget for søknaden må dokumenterast.

Frist: Det er ingen frist for å søkje permisjon med grunngjeving. Send inn søknadsskjema og dokumentasjon så snart som mogleg.

OBS! Du kan også ha inntil to semester med permisjon utan grunngjeving frå eit
bachelorprogram eller frå dei tre første åra i eit profesjonsstudium. Bruk i så fall eige skjema for permisjon utan grunngjeving.