Søknad om studierett som hospitant - Nynorsk

Søknad om studierett som hospitant - Nynorsk

Dersom du er student ved eit anna norsk universitet eller ein høgskole, kan du søkje Det samfunnsvitskaplege fakultet (Universitetet i Bergen) om å få vere hospitant. Som hospitant kan du ta enkeltemne ved fakultetet i eitt eller maksimalt to semester.

Søknadsfristar:
• 1. juni for emne med undervisning i haustsemesteret
• 1. desember for emne med undervisning i vårsemesteret