Det er instituttleiar, eller den som er blitt tildelt signaturmyndigheit, og studenten som inngår rettleiingsskontrakten. Så snart studenten har fått ein rettleiar og eventuelt ein birettleiar, skal dei også skrive under på kontrakten.
Studenten får rettleiar(ar) i løpet av det første året i studieprogrammet. Studenten og rettleiar(ar) skal då lage ein skriftleg framdriftsplan for arbeidet med masteroppgåva.
Ein heiltidsstudent ved Det humanistiske fakultet har rett på inntil 30 rettleingstimar i arbeidet med masteroppgåva, anten som individuell rettleiing eller som grupperettleiing. Førebuingstid er ikkje medrekna i dei 30 timane. Om studenten skal ha meir enn éin rettleiar, må det vere avklart med studenten korleis rettleingstimane og ansvaret for rettleinga skal fordelast mellom rettleiarane. Om studenten er deltidsstudent (50 % studieprogresjon), skal rettleinga avtalast og fordelast i samsvar med progresjonen.
Rettleiar sitt ansvar
- Rettleiar(ane) har ansvar for å gje råd om korleis studenten kan utforme og og avgrense emne og problemstilling for oppgåva.
- Rettleiar(ane) skal gje råd om litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.
- Rettleiar(ane) skal ta imot utkast og drøfte desse med studenten, og gje studenten ei vurdering av framdrifta i arbeidet. Dette skal normalt skje i rettleiingsmøta mellom student og rettleiar(ar). Møta bør setjast opp i samsvar med det avtalte arbeidsopplegget og framdriftsplanen.
- Rettleiar(ane) skal registrere bruken av rettleiingstimar.
Studenten sitt ansvar
- Studenten har ansvar for å følgje framdriftsplanen, og levere inn utkast eller anna skriftleg materiale etter avtale.
- Studenten skal minst to gonger i semesteret orientere rettleiar(ane) skriftleg om eigen framdrift i arbeidet. Viss studenten har ein ekstern hovudrettleiar, skal denne rettleiaren minst éin gang i semesteret orientere instituttet om framdrifta i arbeidet med masteroppgåva.
Rettleiingssavtalen
Både rettleiar(ar) og student kan be om oppheving av rettleiingskontrakten, og både studenten og instituttet forpliktar seg til å informere kvarandre dersom det blir problemer med å overhalde rettleiingskontrakten.
Dersom studenten meiner at rettleiar(ane) ikkje oppfyller sin del av avtalen, skal studenten melde frå om dette til instituttet, som vil vurdere om det er naudsynt å endre eller avslutte rettleiingskontrakten. Studenten vil eventuelt få ein ny rettleiar.
Dersom rettleiar(ane) meiner at studenten ikkje oppfyller sin del av avtalen, skal rettleiar(ane) melde frå om dette til instituttet, som vil vurdere om det er naudsynt å endre eller avslutte rettleiingskontrakten.
Studenten kan ikkje gjere rettleiar(ar), institutt eller universitetet ansvarleg for resultatet av utdanninga.
Etiske retningslinjer
Sjå nettsida Etiske retningslinjer for relasjonen mellom veileder og student/kandidat ved Universitetet i Bergen.