Retningsliner for stand på SV-fakultetet 1) Kven kan stå på stand? Alle studentorganisasjonar som er registrert under Velferdstinget har løyve til å stå på stand på SV-fakultetet: http://www.vtbergen.no/kulturstyret/medlemsorganisasjoner/ Andre ikkje-kommersielle aktørar må ta kontakt med Eigedomsavdelinga ved UiB (post@eia.uib.no) for å søkje om løyve til å stå på stand. Kommersielle aktørar har ikkje løyve til å stå på stand. 2) Standområde og profilering SV-fakultetet har eit eige standområde ved inngang til SV-fakultetet i 3. etasje som er ope for stand mellom 08-15. Her er det eit bord og stolar som kan nyttast til stand. I tillegg er følgjande profilmateriell lov å ta med: • Roll-ups ved sidan av stand • Plakatar på stand og i lovlege plakatområder • Brosjyrar og anna profilmateriell til utdeling • Enkel mat og drikke som ikkje er sponsa av, eller blir oppfatta som reklame for, kommersielle aktørar (kaffi, twist, smågodt, muffins og liknande). Treng de å bruke lyd- og videomateriell må dette leggast inn som eit særskild ønskje under «Andre kommentarar» nedst i skjemaet. Fakultetet vil vurdere dette i kvart einskild tilfelle og gje tilbakemelding. Profilmateriell som ikkje er lov: • Produkt frå kommersielle aktørar (til dømes reklamemateriell, forbruksvarer, smaksprøver og liknande) • Utstyr som blokkerar veg eller sikt for studentar (større plakatar/banner, møblar osv.) 3) Rydding De har sjølv ansvar for å rydde og ta med all profilmateriell når de er ferdige. Dersom de skal stå på stand i fleire samanhengande dagar må de rydde standen etter kvar dag. 4) Vikeplikt Løyve til å stå på stand er gitt under føresetnad av at det ikkje kjem i konflikt med anna verksemd på SV-fakultetet. Interne arrangement har alltid forrang, også dei som blir oppretta etter at løyve til stand er gitt.