Vitnemål blir utferda når mastergrada i rettsvitskap er oppnådd og kandidatløftet er avlagt. Kandidatløftet er henta frå ei forordning utferda av Christian VI frå 1736, der det blir stilt krav til etisk framferd for juristar. Kandidatløftet uttrykkjer sentrale, etiske retningslinjer for profesjonen. Vitnemål frå UiB er digitale, og du får melding på epost når vitnemålet ditt er tilgjengelig i Vitnemålsportalen. Les meir om Vitnemålsportalen på Studieadministrativ avdeling sine nettsider.
Eventuelle mellomnamn skal skrivast i same rute som førenamnet. Har du to etternamn er det reelt sett berre det siste som er eit etternamn, med mindre namna er skrivne med bindestrek mellom.
"Eg fullførte graden hausten 2023" betyr i denne samanhengen at du avla siste eksamen (ev. leverte masteroppgåva/fekk godkjend utvekslingsopphald) som inngår i graden i løpet av dette semesteret. Du treng altså ikkje å ha fått sensur for å kunne seie kandidatløftet.
Eit postnummer er ikkje nok - husk å oppgje poststad også!
Kun nødvendig om du har adresse utanfor Noreg.
Du finn det meste av nødvendig informasjon om vitnemål og kandidatløfte på denne siden. Vi produserer vitnemåla så raskt vi kan, i den rekkjefølga dei kom inn. Medan du ventar kan du bruke Vitnemålsportalen til å dokumentere resultata dine, eller bestille ei stadfesting på oppnådd grad.