Workshopen om Hydrogen i Horisont Europa (28. september) har ei todelt målsetting: 1. Å informere om og mobilisere til fleire søknader frå aktørar på vestlandet til Horisont Europa med hydrogen som tematikk. 2. Å prøve å få eit betre samarbeid på Vestlandet rundt heile verdikjeden i hydrogen. Workshopen vert arrangert av 3 ulike EU-nettverk (Ocean of Opportunities, Horisont Rogaland og Horisont Vestland), det er 5 ulike industriklynger involvert (GCE Ocean Technology, Energy Transition Norway, Maritime Cleantech, Norwegian Offshore Wind og Ocean Hyway Cluster) i tillegg til Vestlandsrådet og Energiomstilling Vest.