Studentar ved Det medisinske fakultet må søke om førehandsgodkjenning før dei reiser på utveksling. Les meir om førehands- og endeleg godkjenning på nettsidene våre. VEDLEGG I siste del av søknadsskjemaet ber vi deg om å laste opp stadfesting på opptak, og eventuelt emneskildringar frå universitetet du skal på utveksling til. Har du ikkje dette tilgjengeleg når du søker, kan du ettersende dokumentasjon på e-post.