Innlevering til formidlingspåskjøning Holbergprisen i skolen 2021/ 2022

Innlevering til formidlingspåskjøning Holbergprisen i skolen 2021/ 2022

Kvar skule kan i tillegg til dei ordinære prosjekta levere inn to kandidatar til formidlingspåskjøning. Dette er tenkt som eit supplement til dei andre prisane og er tenkt å gå til elevar som gjer ein framifrå innsats i å formidle funna sine, og vi delar ut tre formidlingspåskjøningar a 2000 kr. Som supplement til dei andre prisane gjer dette oss moglegheit til å løfte fram andre prosjekt enn dei som blir finalistprosjekt. For å vere kandidat til formidlingspåskjøning bør ein i prosjektet:
Presentere funna sine på ein særskilt levande og engasjert måte i sjølve forskingsrapporten, eller i anna valfritt medium som video, podkast, kronikk eller liknande. Dømer på god formidling kan vere:

- Funna formidlast i eit anna format enn det som vanlegvis blir gjort
- Funna formidlast på ein annan måte enn det som er vanleg, til dømes for å tilgjengeleggjere for andre grupper
- Løftar ei viktig problemstilling og gir nye innsikter
- Viser fram våre fagområde og deira betydning for samfunnet