Søknad om godkjenning av utveksling - etter opphaldet (Nynorsk)

Søknad om godkjenning av utveksling - etter opphaldet (Nynorsk)

Når du kjem heim frå utveksling må du søke om godkjenning av utveksling - etter opphaldet.

Med søknaden må du legge ved bevis på resultata dine frå lærestaden i utlandet, normalt i form av ei karakterutskrift (Transcript). Dette er nødvendig for at UiB skal kunne godkjenne utvekslinga som ein del av graden din.

OBS! Før du fyller ut dette skjemaet må du ha mottatt karakterutskrifta med resultata dine frå utvekslingsopphaldet eller du må vite at karakterutskrifta har blitt sendt direkte frå lærestaden til UiB. Har du ikkje mottatt karakterutskrift må du undersøke med lærestaden kva rutinar dei har for dette.