Dersom du skal på utveksling, og ikkje skal reise med Erasmus+, må du søkje om førehandsgodkjenning av utveksling. Dette er naudsynt for at du skal kunne få utvekslinga godkjent som del av studia dine ved UiB, og for at du skal kunne søkje om støtte fra Lånekassa. Søknaden om førehandsgodkjenning av utveksling skal sendast til SV-fakultetet i god tid før utreise. Ver merksam på at du ikkje kan søkje om støtte frå Lånekassa før du har fått vedtaket om førehandsgodkjenning.